Den gang da 
KFUK-KFUM Forside
Tensing Norway Forside
Deltakere
Ledere
Reiserute
Den gang da
Gjestebok
Bilder
Team Urre
Team Jobfokus
Team Will Show
Gullkorn og moro
Lappys Hjørne
 
______________
Vil du på Ten Sing Norway?
Andre ettåringsprogram
Ten Sing i Norge
European Ten Sing Group
Tidligere Ten Sing Norway
 

Ahoj, frå Ten Sing Norway i Tsjekkia

Ten Sing Norway har no flytta til Litomysl i Tsjekkia. Dei bur på hotell. Eit skikkeleg hotell, der det kjem damer og byter handkle på romma annakvar dag

Tekst: Lars Håberg
Registrert av:  Tensing Norway 506 (07.05.2006 23:01)
Les andre saker fra: Ten Sing Norway

IMG_3688 
Slik ser dei ut. Friskusen Martin MB og Lars.
Slik ser dei ut. Friskusen Martin MB og Lars.
Slik er det:

Ten Sing Norway har no offisielt flytta til Litomysl i Tsjekkia. Dei bur på hotell. Eit skikkeleg hotell, der det kjem damer og byter handkle på romma annakvar dag. Viss du har hugsa å legge handkledet på golvet vel å merke. Er du skikkeleg heldig så kan det vere at dei kjem inn på rommet ditt klokka halv tid om morgonen og ropar ”Ahoj!”, noko som på tsjekkisk truleg betyr god dag, heisann hoppsann, hallo på do, hallapåræ, eller hei sveis di gamle ku og kanskje; opp og hopp din sløve fis, eller noko slikt. Kven veit? Uansett så blir ein i alle fall vekt viss nokon kjem togande inn på rommet ditt og ropar ”ahoj” klokka halv ti om morgonen. Skikkeleg vekt.

Viss du er på TSN og kanskje har ein litt skeiv døgnrytme, som ein ofte har når ein bur på hotell og det går filmar dubba til både tysk og tsjekkisk på TV-en til langt på natt, då vil ein klokka halv ti på morgonen gjerne befinne seg i ein tilstand der ein verken vil eller kan ha ein samtale med ei femti år gamal tsjekkisk dame, som eigentleg berre skal byte handkle på badet ditt. Viss du då har hugsa å legge det på golvet då vel å merke.

Vel, dette var nettopp det som hendte Lars på TSN her ein dag. Då han nettopp hadde sett heile den veldig amerikanske spelefilmen, Armagedon på Tysk TV, dubba til tysk, gjekk altså Lars på TSN for å legge seg. Vel vitande om at neste morgon kunne han sove omtrent så lenge han berre ville. For det er ofte slik det er å vere på TSN. Ein kan sove omtrent så lenge ein vil. Men då får ein ikkje frokost.

Uansett, omtrent ein time etter at Martin MB (tidlegare brukt som eksempel på ein som ikkje er svekling) har vakna med eit rykk for å gå ut og møte dagen og ete frukost, og kanskje fange ein kanin med berre hendene, kjem altså denne tsjekkiske dama togandes inn på rommet til Lars, som selvfølgelig ligg og søv og anar fred og ingen fare. Slik som ein ofte gjer når ein søv på hotell.

Lars på TSN, søv innimellom så djupt at familien hans ofte har vekt han når klokka nærmar seg seks på kvelden, på ein heilt vanleg fridag. Du kan då tenke deg korleis stakkaren hadde det då han låg der innpakka i pysj og skjerf, i frykt for at Martin MB skulle stå opp midt på natta og opne vindauget for å få inn litt frisk tsjekkisk natteluft, som sikkert inneheld ein heilt anna bakterieflora enn det vi har i Norge, som då er med på å herde den allereie ganske herda kroppen til Martin MB. Med dette kalde og skrekkelige scenariet gnagande bakarst i hjernebarken ligg då altså Lars innpakka i skjerf og pysj, soverommet nærmar seg 25 gradar og Lars er i djup søvn, nesten koma, og han har nettopp drømt at Astri på TSN vart omgjort til ei rosin og måtte dra heim til Skjærstad. Ei ganske stor rosin. Han ligg også med med hodetelfonar på øyrene og høyrer på musikk, ganske lavt, men likevel høgt nok til at han høyrer at det er ein svenske som skrik noko om at Kärleken ventar rett inni øyrene hans.

Der ligg altså Lars heilt åleine på rom 203 og svettar og ventar på kärleken, samtidig som nokon på TSN plutseleg, og heilt utan forvarsel har blitt omgjort til ei rosin og blitt satt på første fly heim, så kjem det altså ei dame i femtiåra inn på rommet og ropar ”Ahoj!”(og gudane veit kva det eigentleg betyr?). Ganske høgt og truleg utan å banke på først. Lars er selvfølgelig i ein tilstand der ein ikkje kan eller vil prate med nokon. I alle fall ikkje på tsjekkisk.

Lars stønnar, slik som ein ofte gjer når ein vaknar og ikkje heilt veit om det å bli omgjort til ei rosin er smittsamt. ”AHOJ!”, roper dama ein gong til. Lars som no har tenkt litt, og har kome fram til at han ikkje våger å gå ut av senga, fordi han er redd for å bli omgjort til ei soltørka drue, prøver å late som han ikkje eksisterer lenger og nektar å svare, og faktisk grev seg lenger ned under dyna si.

Då kjem selvfølgelig dama heilt inn på rommet der Lars ligg under dyna, med både skjerf og pysj på seg og skjelv av angst. Då seier ho eit eller anna på flytande tsjekkisk, og Lars, som no nesten har blitt sengevætar og både sveittar og kaldsveittar, tittar så vidt opp frå dyna si og tvinger fram eit ørlite ”Ahoj”, med skjelvande og pipande morgonstemme.

”Ahoj”, seier dama og går inn på badet og tømmer søppelet. Og berre tømmer søppelet.

Martin MB og Lars hadde ikkje lagt handkleda sine på golvet. Og då får ein ha det så godt.

Del på Facebook:
Del med Google+:


Nyheter
Ten Sing Norway (arkiv)
Bill.mrk «Ulvik-påske»
Adventsutgåva av Bjørgvinposten
Ten Sing Norway: Forbereder klimakaravane
Haustutgåve av Bjørgvinposten
Maiutgåve av Bjørgvinposten ute no!

I media
Julero og -sang for sjelen
Bilder fra julen sunget inn i Grimstad
Samlet inn over 12.000 kroner til Globalaksjonen
Drøbak og Frogn Barnegospel in (jule)concert
Feirer bursdag i tre dager