Utsikten Kristelige Ungdomssenter
|
Velkommen til Utsikten!
Leirstaden ligg på Seljestad i Odda kommune 1 km frå E 134. Bilveg heilt fram. Det er 60 km til Etne, 120 Haugesund, 300 Kristiansand, 20 Odda, 65 Utne, 15 Røldal, 330 Oslo, 135 Arsvågen, 145 Bømlo/Stord.
Litt om Utsikten!
Utsikten består av hovudhus og to anneks. Hovudhuset har 32 senger/køyer og anneksa 18 og 9 køyer. Det er også plass til nokre ekstra madrasser. Alle soverom har vask. Kvar bygning har stove, kjøkken, toalett og dusjar. Matsalen i hovudhuset har plass til 60-75. I hovudhuset er det TV og telefon.
Utsikten er sjølvbetjent - det betyr at den som leiger Utsikten ordnar sjølv med matlaging, reinhald ol. Du må ta med sovepose eller dyne, sengklede og handklede. Dyne og sengklede kan leigast. Nærare opplysningar om det meste finn du i brukarhandbok som ligg i husa. Gjer deg kjend med innhaldet i den, det løner seg. Telefon i hovedhuset 90879070.
Kontakt for leige:
Familien Helgeland, Lyngvegen 50, 5535 Haugesund
Telefon: 52725129
Døgnpris for leige m.m:
Ikke medlem i KFUK-KFUM:
Alder 3-11 år, pr pers kr 85,-
Alder 12 pr + kr 115,-
Medlem i KFUK-KFUM:
Alder 3-11 år kr 60,-
Alder 12 år + kr 85,-
Ved leige utan overnatting og for bedrifter gjeld eigne prisar.
Minstepris for leige:
Heile leirstaden kr 2000
Hovudhus kr 1500
Anneks kr 750
Litle anneks kr 1500
Avlysingsgebyr for reservert plass som ikkje blir nytta er lik minstepris.
NB! Lag/foreiningar må vere KM-medlem for å kunne rekna KM-pris.
Utsikten har avtale med Røldal Skisenter om rabattordning.
|
|