Sogn og Fjordane krins
Sogn og Fjordane
 
OM OSS
Tilsette/kontakt
Styrer og Utval
Kva skjer?
Nyhende i Krinsen
Nesholmen leirstad
 
Gje ei gåve til krinsen
 
konto nr. 3700.35.04426
 
EININGAR OG AKTIVITETAR
Aktivitet for barn
Ten Sing
Ope Hus
Idrett
Krinskrams
Førde KM
 
ARRANGEMENT
Hausttreff
KFUK-helg på Nesholmen
Vintertreff
Palmehelg
Sommarleirar for born
Sommartreff
Nattcup for konfirmantar
 
KURS
LiV-kurs
 

Hausten 2011 startar vi nytt LIV- kurs!

LiV logoen.JPG 
LiV-logoen
LiV-kurs i Sogn og Fjordane 2011/2013

Leiarkurs for deg mellom 16 og 18 år
I samarbeid mellom KFUK-KFUM i Sogn og Fjordane og Sunnfjord folkehøgskule vert det no arrangert nytt LiV-kurs!

Kva er LiV?
LiV (Leiar i Vekst) er eit toårig leiar-kurs i Norges KFUK-KFUM. Kurset er for deg mellom 16 og 18 år som er eller vil verte leiarar i kristent barne- og ungdomsarbeid. LiV-kurset vil ha oppstart annakvart år. Det første året er det undervisning og samlingar. Det andre året er eit praksisår knytt til ein kyrkjelyd eller ei eining i Sogn og Fjordane KFUK-KFUM.

Mål
Målet for kurset er personleg utvikling for deg som kristen leiar. Det ynskjer å stimulere til kristen vekst og personleg utvikling. Gjennom teori og praksis skal du utvikle leiarkompetanse. Deltakarane lærer gjennom erfaring, samhandling med andre, undervisning og rettleiing.

LiV-kurs i Sogn og Fjordane
inneheld LUDVIK (sjå under), 4 fellessamlingar, 6 lokalsamlingar, utanlandstur, individuelle rettleiingssamtaler med din lokale rettleiar, praksis i kyrkjelyd eller KFUK-KFUM-eining der du bur og rettleiing frå lokale leiarar

LUDVIK
LUDVIK er LeiarUtvikling Driven i Villmark som Intensivt Kurs. LiV-kurset startar med ei LUDVIK-helg. Den vil by på fellesskap, naturopplevingar, overraskingar, og fysiske og psykiske utfordringar. Vekta vil ligge på gruppedynamikk, samarbeid og praktisk læring. LUDVIK er tøft, men alle skal kunne vere med. Du treng altså ikkje vere i knallform.

Fellessamlingane
På fellessamlingane vil alle kursdeltakarane vere samla til felles undervisning.
- 9.-11. september Førde : LUDVIK
- 11.-13. november Førde: Eg ein leiar?
- 20.-22. Januar Førde: Bibelarbeid, forkynning
- Vinterferien Utanlandstur: Etikk, internasjonale spørsmål
- 13.-15. April - Førde: Konflikthandtering, samlivstematikk, evaluering

Lokalsamlingane
Mellom fellessamlingane vert det lokale kveldssamlingar. I samarbeid med ein lokal leiar og rettleiar tek de opp nokre av tema frå forrige fellessamling med fokus på samtale og eiga utvikling.

Kontrakt
For å vere med på kurset må du teikne ein kontrakt i samarbeid med den lokale kyrkjelyden/eininga di. Kontrakten skal seie konkret kva oppgåver du skal ha, og kva som vert kravd av deg i praksistida. Praksisen skal vere 50-70 timar, og du må føre praksislogg.

Pris
Kurset kostar kr 5500,-, av dette er det ein eigendel på kr 2500,- (Vi tek atterhald om større endringar i reisekostnadane med utenlandsturen). Resten kan du søkje om støtte til hos den kyrkjelyden eller eininga du skal ha praksis i. Reiseutgifter til fellessamlingane innanfor fylket kjem i tillegg.

Kursbevis
Etter godkjent gjennomført LiV-kurs (minst 80 % deltaking) får du eit kursbevis som dokumenterer kva du har vore med på og kva emne du har vore gjennom. NB! Nokre vidaregåande skular godkjenner kurset som valfag. Undersøk med din skule!

Ynskjer du å delta?
Ta kontakt med kyrkjelyden eller eininga der du skal ha/ynskjer å ha praksis.
- Avtal oppgåver for praksisen
- Avklar kva du kan få av økonomisk støtte
- Søknadsskjema fin du under på sida her
- Syt for å få underskrifter frå kyrkjelyden / eininga du skal ha praksisen i.
- Søknadsfrist til Krinsen er 20. mai!
- Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på krinskontoret!

Kyrkjelydane/einingane sitt ansvar
- Skrive kontrakt med deltakarane og syte for at dei gjennomfører praksisen 2. året
- Lokal rettleiing etter mal frå kursleiinga (det vert samling for lokalleiarar før kursstart)
- Økonomisk støtte til deltakaravgifta


Vi har litt tekniske problem med å oppdatere lenkene under, men oppdaterte skjema kjem! I mellomtida er det berre å ta kontakt med krinskontoret !




LiV 07-09

Antall bilder: 36      
Start lysbildeframvisning
Livkurs London 423.jpg

Fotograf: Sfj LIV-tur til London 08138.JPG

Fotograf: sfj n520247774_439096_5287.jpg

Fotograf: sfj IMG_1001.JPG

Fotograf:
Livkurs London 698.jpg

Fotograf: Sfj LIV-tur til London 08182.JPG

Fotograf: sfj n520247774_293165_8114.jpg

Fotograf: sfj IMG_1824.JPG

Fotograf:
Livkurs London (2) 276.jpg

Fotograf: Sfj LIV-tur til London 08185.JPG

Fotograf: sfj n520247774_293494_2253.jpg

Fotograf: sfj Livkurs London (2) 162.jpg

Fotograf:
Livkurs London (2) 327.jpg

Fotograf: Sfj LIV-tur til London 08212.JPG

Fotograf: sfj Livkurs London (2) 147.jpg

Fotograf: sfj Livkurs London 771.jpg

Fotograf:
LIV-tur til London 08049.JPG

Fotograf: Sfj LIV-tur til London 08221.JPG

Fotograf: sfj Livkurs London (2) 111.jpg

Fotograf: sfj Livkurs London 177.jpg

Fotograf:
LIV-tur til London 08126.JPG

Fotograf: Sfj LIV-tur til London 081556.JPG

Fotograf: sfj Livkurs London 792.jpg

Fotograf: sfj Livkurs London 314.jpg

Fotograf:
LIV-tur til London 08077.JPG

Fotograf: sfj Ludvik 07 II.JPG

Fotograf: sfj Livkurs London 547.jpg

Fotograf: sfj IMG_1826.JPG

Fotograf:
LIV-tur til London 08091.JPG

Fotograf: sfj n520247774_294824_1869.jpg

Fotograf: sfj IMG_1773.JPG

Fotograf: n520247774_381982_5912.jpg

Fotograf:
LIV-tur til London 08095.JPG

Fotograf: sfj n520247774_381962_8682.jpg

Fotograf: sfj Livkurs London 276.jpg

Fotograf: n520247774_545408_5454.jpg

Fotograf:
Antall bilder: 36      
Start lysbildeframvisning

Les meir om LIV-kursa:

 Les meir om LIV-kursa i Norges KFUK-KFUM
LUDVIK 2004 036
fjordliv -sylvi-

LUDVIK 2007

LUDVIK 2007 skal vere i Ulsteinvik torsdag 6.-søndag 9. september.
Reisatil Ulsteinvik: Buss frå Florø 15.10, frå Naustdal 16.45, frå Førde 16.45, frå Sandane 18.20 og frå Stryn 18.30
Reisa heim: Bussene er i Stryn 14.55, Sandane 15.00 og Førde 16.30. Bussen til Florø går ikkje frå Førde før 18.20 og er i Florø 19.25.
Du kan laste ned brevet vi sente ut med meir informasjon om LUDVIK 2007 på linken under.
NB! Hue på hovudet og vottar er lurt for å halde varmen!!!
Fjordane LIV-2007 Informasjon

Kva er LiV heile brosjyraLiv-brosjyra

Ludvik 2007

Informasjon om LUDVIKLudvik 2007
til rektorBrev til Rektor om fri

Fjordane - LIV2007- forslag til kontrakt

Forslag til kontrakt mellom kyrkjelydForslag til kontrakt mellom kyrkjelyd/eining og søkjar til LIV-kurs i høve praksis og lokal oppfølging.


Del på Facebook:
Del med Google+:


Nyheter
Hele landet (arkiv)
30 ettåringer på turne: Make a change!
Norges KFUK-KFUM søker Prosjekt- og utredningskoordinator. Inntil 60 % stilling fra 1. mars 2012 til
Norges KFUK-KFUM søker Prosjekt- og utredningskoordinator. Inntil 60 % stilling fra 1. mars 2012 til
Bli med på Nordtreff!
KFUK-KFUM I ØSTFOLD SØKER KRETSSEKRETÆR

Sogn og Fjordane (arkiv)
Seminar på Vintertreff!
Seminar på Vintertreff!
Barnefestival 2012
Gospelnight i Volda kyrkje 20. januar 2012
Kva skjer?