Informasjon om innbetaling av eigenandel for LiV 2 London-tur!I sommar vart det sendt ut eit informasjonsskriv i posten til alle dykk som skal gå LiV 2 hausten 2011/vår 2012. Dersom det er nokon som ikkje har fått dette infoskrivet per post i løpet av sommaren, så ta kontakt med krinskontoret v/ krinssekretær Alice J. Vatnehol på 55 60 60 70 eller bjorgvin@kfuk-kfum.no . Her kjem meir informasjon om innbetaling av eigenandelen knytt til London-turen.
Tekst: Bjørgvin krets
Informasjon om innbetaling av eigenandel for LiV 2
|
Utanlandsturen for LiV 2 går til London, og turen er frivillig sidan det er knytt ein eigenandel på kr 1500 til turen. Turen er eit samarbeid mellom Bjørgvin KFUK-KFUM og Sjømannskirken, der LiV 2 kursdeltakarar er med som leiarar på Sjømannskirken sine konfirmantleirar. Alle LiV 2 kursdeltakarar er fordelt på ulike leirar, og denne fordelinga er fast. Fordelinga finn du i informasjonsskrivet. Londonturen kan inngå som ein del av praksisoppgåva og leiaroppgåver knytt til LiV-kurset.
Eigenandelen for London-turen er på kr 1500 og dekker alle utgifter i samband med turen, dette vil seie: kost, losji, reise, transport i London samt programkostnadar. Det er derfor opp til kvar einskild kor mykje lommepengar ein vil ta med utover dette, men det er lagt opp til at ein ikkje har bruk mykje lommepengar då opphaldet, inkludert måltida, er lagt inn i eigenandelen.
Påmeldinga til turen er bindande så snart du har betalt inn eigenandelen ved å kjøpe ein "billett" via påmeldingsskjemaet på Billetto på følgjande nettadresse http://billetto.no/londontur
Her må du fylle ut eit påmeldingsskjema og betale med bankkort. Eigenandelen vert ikkje refundert om du melder deg av turen etter du har betalt. Påmeldingsfristen er 5.oktober. Etter dette vil det ikkje vere mogeleg å melde seg på.
Dersom det er nokon av dykk som allereie no veit at dykk ikkje kjem til å vere med på London-turen, så hadde det vore veldig fint om de kan gi beskjed til meg snarast.
Dersom det er nokon av dykk som IKKJE har fått e-posten med denne informasjonen ? så ta kontakt med krinssekretær Alice J. Vatnehol snarast!
E-posten har vorte sendt til den e-postadressa som du oppga som kontaktadresse då du meldte deg på LiV-kurset hausten 2010.
Fyrste samling for LiV 2 er 28.september kl 18:00 i Sjømannskirken sine lokale på Nordnes. Denne samlinga er obligatoriske for alle saman ? uavhengig om ein skal vere med til London.
Dersom du har spørsmål, ta kontakt med Alice på krinskontoret på 55 60 60 70 eller bjorgvin@kfuk-kfum.no
|
|
|
|
|
|