Voksne 
Voksne - forside
 

Programutval for vaksenarbeidet

PUV 
Voksenutvalget
(foto: KM)
Her ser du oss i Programutval for Vaksenarbeidet (PUV).
Frå venstre:
Lars Ove Skaret, Kristin Vigestad Valderhaug, Odd Ragnar Solberg, Jartrud Eidheim Elseth og Rolf Dyrhol (leiar).

Saman med alle der ute vil vi gjere så godt vi kan for å bygge opp (att) vaksenarbeidet i Norges KFUK-KFUM.

 Ruskonferanse

Alle K/M`arar som medlemmer i Norges KFUK-KFUM

sensommer2 
Sensommer ferie
Det er i dag registrert 3408 vaksne medlemmer i Norges KFUK-KFUM.
I medlemskontingent betaler desse ca. 1 mill. kr. til organisasjonen.

Der ute, mellom folk, går det minst ytterlegare 3408 K/M`arar som pr. dato
ikkje er registrerte som medlemmer.
Grunnane kan vere mange, anten bur ein på ein plass der det ikkje er aktivt
K/M-arbeid, eller det har liksom ikkje vorte slik at ein har meldt seg inn.
Likevel er det K/M`ar ein er, i hjarte og sinn, med ånd, sjel og lekam.

Sett no at alle desse faktisk vart medlemmer:
Det ville gi rørsla ca. ein million meir å rutte med.

OG: Vi i PUV kunne slå i bordet og seie at:
No er vaksenarbeidet så stort, og bidreg med så mykje, at
No skal vi ha vår eigen Vaksensekretær.

Dette ville igjen få fart i og fasong på Vaksenarbeidet, noko som igjen ville
styrke barne- og ungdomsarbeidet rundt om.

Vi oppmodar til ein dugnad der vi får alle som av
hjerte er K/M`arar til å verte medlemmer!
-du kan verte frittståande direktemedlem
-du kan melde deg inn i næraste K/M-eining for vaksne.
-du kan ta initiativ til å starte ein ny eining.

VAKSEN I NORGES KFUK-KFUM?


eller

VAKSEN I NORGES KFUK-KFUM!!!



No er Norges KFUK-KFUM i ferd med å re-starte eit Programutval for vaksenarbeidet.
Siste åra har utvalet vore sårbart pga at det ikkje har vore fulltallig. Då vert ein sårbar
ved forfall, og møte fell bort.
Vi håper å kunne presentere eit fulltallig Programutval for Vaksne (PUV) om ikkje så
veldig lenge.

I NORGES KFUK-KFUM SIN LANGTIDSPLAN
står PUV sine oppgåver uttrykt slik:
*skape nye møtepunkt for voksne medlemmer
*øke ideutvekslinga om programarbeid for voksne.



HEILT OG FULLT -IKKJE STYKKEVIS OG DELT.



Det nye PUV ønskjer no å reise med full tyngde ein tung og prinsipiell debatt om
Vaksenarbeidet i Norges KFUK-KFUM.
PUV ønskjer å setje på dagsorden behovet mange har for medlemskap og tilknytning
heile livet.
Med det gode barne- og ungdomsarbeidet som KFUK-KFUM driv, kan vi då vere
nøgde med at medlemskap vert ei kort episode i folk sitt liv? Kan vi med enkle grep
legge betre til rette for at den som lærer K/M å kjenne, den vert aktiv i K/M for resten
av livet?
Reint konkret vil PUV etterlyse den gamle KUF-kulturen,
der solide grupper av vaksne tok ansvar for rammene for barne- og ungdomsarbeidet,
samtidig som dei sjølve hadde eit fellesskap som var deira.
PUV vil kome til å utfordre rørsla til å nyskape dette i ei ny tid.
PUV trur nemleg at dette vil generere mange nye medlemmer, og heilt klart legge
grunnlag for vekst i barne- og ungdomsarbeidet.
Med spenning ser vi fram til meiningsytringar og gjerne brytningar om dette.


(Del denne websiden med en venn...)



Nyheter
Hele landet (arkiv)
En fin start på høsten!
Informasjon om Tween Festival
Informasjon og Tween Festival
KFUK-helg på Nesholmen
KRETSKOR 1.-3.oktober

Voksne (arkiv)
KFUK-helg på Nesholmen
KNØTTENATT 2010
Travle tider for volleyballjenter
Vi over 60 på Knattholmen 15. august
17.mai feiring med KFUK-KFUM i Bjørgvin

Hva skjer?
Område: Hele landet
Målgruppe: Voksne
Ynglingen
07.09.2010 Kl. 18:00
Kuffen, Øvre Torggate 12
29.09.2010 Kl. 19:00
Glemmen kirke
19.10.2010 Kl. 19:00
Kuffen, Øvre Torggate 12
20.10.2010 Kl. 19:00
Nesholmen
30.10.2010 Kl. 13:00
Vis alle treff