Nattcup i Haukelandshallen 11.11.1111.11.11 var det duka for årets nattcup i Bjørgvin KFUK-KFUM.
Tekst: Alice
Nattcup i Haukelandshallen 11.11.11
|
Det var godt over 20 ulike grupper samla på årets Nattcup, og desse kom frå heile Bjørgvin krets, der det var både KFUK-KFUM grupper og kyrkjelydar som var med.
Til saman var det om lag 400 konfirmantar og andre ungdommar med, og nesten 100 leiarar og friviljuge medarbeidarar med som hjelpte til med alt frå rydding, kakebaking, vakthald til dommarar og førstehjelpsmannskap.
Vi starta med registrering og opning i Årstad kirke. Ei stor takk går til vårt flinke band og dyktige forsongarar som var med på å gjere dette til ei flott opning. Vi var også så heldige å ha med oss vikarierande foreiningssekretær i Fana KFUK-KFUM, André Birkeland, som andaktshaldar for kvelden.
Deretter gjekk alle samla i tussmørket ned til Haukelandshallen før det braka laust med avspark for første kamp kl 22:40. Det vart mange spennande og intense kampar gjennom natta. Fleire lag stilte med kreative og sprudlande heiagjengar. Dei tre beste heiagjengane vart kåra og dette var ?join us? frå Os, ?Blessing? frå Fana og Vaksdal konfirmantgruppe.
I tillegg til fotball var det også lagt opp til mange andre aktivitetar for dei som ønskte det. Leiarkursdeltakarane våre på MILK og LiV hadde ulike leikar og konkurransar, det var sumodraktar der, nattdisko og nattkino, eit eige wii-rom og kiosk med sal av vaflar, pølser, kake m.m. Så med andre ord så var der noko for alle og ein kvar.
Dei heldige vinnarane av NATTCUP 11.11.11 er:
Gutar: Fyllingsdalen, lag 1
Jenter: Nygård, lag 1
15+: Dalen Tensing
Tusen takk til alle deltakarane, leiarane og alle dei friviljuge medarbeidarane som var med på å gjere dette til ei flott natt i Haukelandshallen! Vi er kjempeglade og takksame for innsatsen de la ned! :-)
|
|