KFUK-HELG 2012
|
VELKOMEN TIL K-HELG 9. - 11. NOVEMBER!
Kvinner i alle aldrar er velkomne til K-helg på Sunnmøre folkehøgskule 9. - 11. november. Tema for helga er "Det gode liv", og May-Britt Storjord og Anne Helen Hansen vil dele tankar med oss rundt dette temaet. Kaffikos, gode samtalar, trim, festmiddag og gudsteneste er andre aktivitetar som kan nemnast.
Blir du med?
INFORMASJON:
STAD: Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik (som no held til på Varleite i dei tidlegare lokala til Ulstein hotell)
FOR KVEN: Alle kvinner som har lyst til å vere med
TEMA: "Det gode liv”
INNHALD: Kvile, kveik og leik.
Møte kvarandre for inspirasjon, utfordring og oppmuntring til daglegliv og åndeleg vekst.
Program finn du lenger ned på sida.
FORMIDLING AV TEMA VED:
May-Britt Storjord – frå Kjøpsvik busett i Molde, spesialsjukepleiar og einingsleiar. Marte Meo-terapeut.
Anne Helen Hansen – frå Lødingen busett i Tromsø, er utdanna sosionom og lege med spesialitetar i allmennmedisin og samfunnsmedisin. Arbeider no med doktorgrad om ’befolkningens helsetjeneste-atferd’.
PRISAR:
Per pers i dobbeltrom m/sengetøy og full pensjon kr 1500
Per pers i firemannsrom m/sengetøy og full pensjon kr 1100
Full pensjon utan overnatting kr 1000
Dette er prisar for medlemmar i KFUK-KFUM og KFUK-KFUM-speidarar. Andre betalar kr 100 i tillegg.
VERTSKAP: Aina Øyehaug Opsvik, Ørsta, Torill Vinjevoll, Ørsta, Gunhild Snipsøyr, Ulsteinvik, Ellisiv Gryt Grimstad, Hareid, Anne Helene Marøy Ulvestad, Ålesund og Eldrid Gryt, Hareid,
PÅMELDING: Da vi har nokre få overnattingsplassar ledig, og har mulighet til også å ta med fleire utan overnatting, er fristen utsatt til 4. november.
|
Påmelding K-helg 2012
Nokre smakebitar frå PROGRAMMET
|
FREDAG
18.00 Frammøte/innkvartering
19.00 Kveldsmat
20.00 Opningssamvær med samanspleising, tematid, kaffi/te, prat og song.
Tematid ved May-Britt Storjord om kommunikasjon.
Kveldsbøn.
LAURDAG
08.30 Morgonbøn
09.00 Frukost
10.00 Tematid ved Anne Helen Hansen som vil utfordre oss til refleksjon omkring livsverdi og val
13.00 Lunsj
14.00 Aktivitetar: Boot camp (sirkelterning), ut på tur i Guds frie natur, tur til Galleri Opdal på Flø, augevitnemetoden (bibelmeditasjon), Body Balance (tøying, avspenning, styrke), muleg andre spennande aktivitetar, strikk og prat og anna eigenomsorg
17.00 Ettermiddagskaffi
19.00 Festmiddag - Antrekk: Det du trivst i!
Kveldssamvær med aktivitetar, kaffi/te, prat og song.
Temaet vist gjennom kunst v/Britt Walle Ekroll.
Kveldsbøn
SØNDAG
08.30 Morgonbøn
09.00 - 10.00 Frukost
10.30 Gudsteneste med ofring til krinsarbeidet i KFUK-KFUM
Kaffi med gjærbakst etter gudstjenesta.
Takk for no og god tur heim!
|
|