Sommartreff på Nesholmen
|
På årets sommartreff inviterer vi ikkje berre våre eigne frå Sogn og Fjordane krins, men og kretsane vi delte underleir med på TT; Møre og Romsdal krins og Trøndelag krets. Dette blir ein leir med moro frå morgon til kveld, og ein sjanse til å møte engasjert ungdom frå fjern og nær.
Leiren er for deg mellom 13år (ungdomsskulen) - 19år.
Det blir til nyting av sommar og sol, bading, padling, turnering(ar), kor, dans, drama, fotball, frisbee, beachvolleyball, sjøslag, bålkveld, kveldsavsluning under open himmel, spektakulære aktivitetsopplegg, fritid, gudsteneste, kiosk, Nesholmknutar, flåtebygging, bibeltime, brettspel, kveldsprogram, fjelltur (for interesserte), og mykje, mykje meir.
Tid: Måndag 26. - torsdag 29.juli 2010
Vi startar med kvelds måndagen og avsluttar på føremiddagen på torsdagen.
Stad: Nesholmen leirstad i Hyen, 1 time frå Sandane, 50 min frå Florø og Førde
Pris: kr. 1050,- for medlemmar og kr. 1200 for dei som ikkje er medlem
Betaling skjer på førehand, på kontonr. 3700.35.04426
Påmeldingsfrist: 5. juli 2010
VEL MØTT!
|
Sommarttreff på Nesholmen
|