Gutterommet 
Vitsekroken! Med Eirik
Forum for spørsmål!
Tilbake til TSN 09/10
 

Dei legendariske religion vitsane!

Ein gut sat heime og såg på TV, faren sat i sofaen og las avis.
Så spør guten faren:
"Pappa, er Gud mann, eller kvinne?"
Dette var ein litt liberal heim, så faren sa:
"tja, han er vel begge delar."
så gjekk det litt tid, før guten igjen spurde:
"Pappa, er Gud svart eller kvit?"
"tja, han er vel begge delar." sa faren
Faren las vidare i avisa, som plutseleg vart dratt sakte ned, og det livredde ansiktet til guten kom til syne. Han sa:
"Pappa, er Michael Jackson Gud?"

Lille Eirik T Kroken er på undervisning i kyrkja, og midt i timen spør presten Eirik;
" Kva er det som er lite og brunt, og som hoppar frå tre til tre?"
Eirik svarar:
" Normalt ville eg sagt at det er eit ekorn. Men i og med at det er presten som spør, så må det vel vere Jesus!"

Dei legendariske setter-vitsane!

Kva er den mest fancy hunden?
- Trendsetteren!
Kva er den mest pirkete hunden?
- Irettesetteren!
Kva er den mest initiativrike hunden?
- Igangsetteren!
Kva er den raskaste hunden?
- Fortsetteren!
Kva er den mest strikte og regelbundne hunden?
- Grensesetteren!
Kva er den mest handy hunden?
- Istandsetteren!


Den legendariske hekke-vitsen!

Høyrt om mannen som vann VM-gull i 110-meter hekk?

Etterpå var han litt usikker på kvar han skulle plante den.....

Den legendariske skyte-vitsen!

Høyrt om guten som gjekk på skyting for å treffe nye vener?

Den legendariske bonde-vitsen!

Høyrt om bonden som var heilt på jordet?

Den legendariske fly-vitsen!

Høyrt om flyet som tok heilt av?

Dei legendariske gitar-vitsane!

Kva kallar ein gitar på spansk? (ikkje bry deg om gramatikk osv..)
- El-gitar!
Kva kallar ein då El-gitar på spansk?
- El-El-gitar!

Høyrt om guten som ikkje fekk spele gitar fordi faren var streng?

Dei legendarisk målar-vitsane

Høyrt om målarane som budde i same strøk?

Høyrt om målaren som strauk med?

Høyrt om målaren som strauk på dør?

Dei legendariske blondine-vitsane!

Kvifor står 17 blondiner utanfor ein bra?
- Dei må vere 18 for å kome inn...
Kvifor står 19 blondiner utanfor ein bar?
- Dei må fortsatt vere 18 for å kome inn...
Kva gjer du om ei blondine kastar ein granat på deg?
- Du drar ut splinten og kastar den tilbake!


Høyrt om blondina og puslespelet? Ho var så fornøgd for det tok ho berre 2 mnd å gjere ferdig, og på boksen stod det 2-3 år!
Del på Facebook:
Del med Google+:


Nyheter
Hele landet (arkiv)
Husk 15.feb! Lever medlemsliste/årsrapport 2011 i tide!
30 ettåringer på turne: Make a change!
Norges KFUK-KFUM søker Prosjekt- og utredningskoordinator. Inntil 60 % stilling fra 1. mars 2012 til
Norges KFUK-KFUM søker Prosjekt- og utredningskoordinator. Inntil 60 % stilling fra 1. mars 2012 til
Bli med på Nordtreff!