Ten Sing Norway 
Ten Sing Norway 09/10
Deltagere
Ledere
Primiteam
Fateama
Norgesturneen!
Gullkorn
Klimatips
Gjesteboka
Gutterommet
Tidlegare TSN-kull
Vil du på Ten Sing Norway?
 

TSN har jobbedag!

Søndag morgon er ei fin tid for mykje. Også for å jobbe.....

Tekst: Anders Hove
Registrert av:  Anders Hove (12.10.2009 18:26)
Les andre saker fra: Ten Sing Norway

TSN har jobbedag!

Kvart på ni bankar det på døra til guterommet i første etasje.
? Dramaøving om eit kvarter!? kjem frå den andre sida. Det er søndag morgon, og TSN gjer seg klar til ein dag med god jobbing!
Akkurat klokka ni kom vi ikkje i gong, men etter fellesfrukost i stova vår, bar det bort i gymsalen. Bortsett frå nokon sprekisar var det ikkje mange å sjå på morrakvisten. Men vi var fulltalige og klar for action!
Det vert litt av eit drama når TSN skal øve, særleg når dei øver drama. Scene for scene vert gjennomgått, og vi får vår første verkelege smak på korleis dette kan bli, det ser bra ut! Gjengen er overraskande opplagt, og når dei andre et frukost tek vi oss ein velfortent lunsjpause. Då har vi allereie dreve på ei stund.
Etter lunsj, og litt jobbing, var det duka for første øving med kor og band i lag. Det gjekk om lag så smurt som det kan gå. Så då var det vel berre å gjere seg klar til første gjennomkøyring av showet.
Ein skulle nesten ikkje tru at dette var første gjennomkøyring av showet, bortsett frå litt innslag som ikkje var heilt ferdig, gjekk det om lag knirkefritt!
No er det ei veke att til showet vi skal ha her på Rønningen, og TSN er GODT i gong!

Del på Facebook:
Del med Google+:


Nyheter
Ten Sing Norway (arkiv)
Bill.mrk «Ulvik-påske»
Adventsutgåva av Bjørgvinposta
Ten Sing Norway: Forbereder klimakaravane
Haustutgåve av Bjørgvinposten
Maiutgåve av Bjørgvinposten ute no!