Turne høsten 2008
|
Her e en liten smakebit!
|
Turné 2008
|
Som dere helt sikker har lest lenger ned, så har vi vært på turné i England og Danmark i perioden 22. Okt - 23. November. Jeg (Kristin) og Marte har i den anledning laget en liten minnevideo som et lite resymé av turnéen. Her kan dere se den:
Av Kristin,
Redaktør
|
Endeleg er det vår tur!
|
Tenk at for berre vel ein månad sidan var vi nye på Rønningen FHS, showet skulle handle om fred og Herregården var ikkje meir enn eit stort hus med mange kalde rom. Tida har gått så utruleg fort! Premiera på showet var heilt fantastisk. Endeleg har vi fått vist at vi er verdige til å få kalle oss Ten Sing Norway 08/09 og det er noko vi verkeleg har sett fram til. Til tross for at showet har vore mykje i fokus for oss i løpet av den siste tida, har ikkje dagane blitt mindre travle. Berre to dagar etter generalprøva(premiera) på showet, gjekk turen til England, og vi kunne ikkje ha hatt ein betre start på turen utanlands. Vertsfamiliane våre ordnar alt, så livet her går rett og slett på skinner. Ikkje nok med at vi blir godt tekne vare på i heimane, men etter at vi hadde hatt ein skulekonsert for om lag 280 elevar frå 5-11 år, fekk vi ein trestemt song i fleisen. Plutseleg var det ikkje ?Chat Noir-glisa? som dekte andleta våre, men vi vart alle berre ståande å måpe. Dei sentimentale sidene våre tok rett og slett overhand og gåsehuda og tårane kom fort til syne.
Tenk at no er det vi som er Ten Sing Norway, vi som får reise rundt å besøke alle dei forskjellege skulane og fortelje om det vi har lært. Vi har begynt ei reise som vi allereie har sett at blir utruleg mykje meir enn det vi hadde forventa. Utfordringane kan vere mange til tider, men vi er jo tross alt 11 av oss, så det skal mykje til for at vi ikkje klarar å knekke kodane. I år er det vårt år, og vi har venta på at vi skulle komme skikkeleg i gang. No er vi klare, vi er opne for utfordringane ? vi kan få ?utrulege ting til å skje,? og det skal vi!
Av Marte
Redaktør
|
Møte med kyrkjelyden i Kingswood
|
Livet i Bristol er framleis veldig bra og vi gjer mest ikkje anna enn å nikke og smile. Til no har vi hatt fleire skulekonsertar, seminar på ein ungdomsklubb og i går tok vi del i ei gudsteneste(i Kingswood Congregational Church). Kvar dag verkar meir spennande enn den føregåande, og vi merkar at vi blir tryggare for kvar gong vi står framfor ei forsamling. Rundtom på skulane er det ikkje alltid like populært å nemne at Ten Sing eller Mini Sing er grupper med eit kristent grunnlag, medan dei omtrent jubla for dette i kyrkja. Dette fekk vi kjenne på kroppen i går. Gudstenesta begynte og salmesongen var i gong, playbacken og powerpointen hadde danna eit godt grunnlag for at dette skulle bli bra, og etter ei kort stund sto entusiasmen i taket. Folk klappa og koste seg. Vi var så vidt starta før dei hadde funne ut at der var eit bursdagsbarn i blant oss. Hanne satt smilande på bakarste rad, Harald like så(ettersom hans dag sto for tur) og kyrkjelyden stemte like godt i med bursdagssongen. Det var utruleg morosamt å sjå kor opne dei var for endringar i strukturen sin, men framleis kor viktig denne stunda var for dei. Til tross for eit heller ustemt piano gjekk framføringa strålande, og jubelen sto nok ein gong i taket! Eg er ganske sikkert på at eg talar for oss alle når eg seier at det var rett og slett ein perfekt søndags morgon for oss alle.
Av Marte
Redaktør
|
Siste innspurt i England!

Turen er nok ikkje over enda!
|
Etter vel tre veker i England har vi allereie fått kjenne mykje på det å vere Ten Sing Norway. Vi har fått sjå at arbeidet vårt har betydd mykje for dei vi har møtt, vi er mange opplevingar rikare og vi har fått "utrulege ting til å skje." Det er veldig kjekt å reise rundt å sjå kor godt folk likar Ten Sing, og det gjer arbeidet vårt mest til ein leik.
Tida i England var fantastisk, menneska vi møtte brenn verkeleg for Ten Sing ideen, og dette er noko vi er stolte av å ha fått oppleve. Det som har gjort denne reisa så innhaldsrik er det at vi kvar dag møter mange nye menneske. "Alle" vi møter er ein del av Ten Sing arbeidet, og har sin spesielle måte å gjere arbeidet på. Det som er viktigast for oss er at dei kosar seg med arbeidet, og det er alltid like kjekt å sjå smila breie seg over andleta deira.
No er tida komen for å fortelje litt om livet i Danmark. Vi har ikkje fått sett oss så mykje om ettersom vi brukar mykje av tida vår på å reise rundt i tog, ete, planlegge, sove og ta del på Ten Sing møter, men ein ting er sikkert; Ten Sing gnista er framleis i live her også. I tillegg til at vi reiser rundt å besøker Ten Sing grupper, har vi nett vore på ei seminarhelg - "Danse- og intruktørkursus". Der fekk vi blandt anna lære "Squaredance", "Salsa", "Balett" og "Cheerleading", i tillegg til at vi skulle vere helgas miljøteam.
Vi har hatt nok eit leiarbytte, vi mista Else på overfarten frå England, mens ein ny visekaptein mønstra på i Billund, nemleg vår kjære sivilarbeidar frå Rønningen, Thomas.
Så etter å ha fått inn ei ny energikjelde er humøret framleis på topp! Ellers gler vi oss på den eine sida til å komme heim til Noreg og Rønningen, men på den andre sida tek båe våre flotte leiarar godt vare på oss, så vi skal nok holde ei stund til.
Av Marte,
Redaktør
|
|