Med eitt var TSN samla igjen!Vi har jobba mykje i team på denne turneen, så det er klart at det vert stor ståhei når vi møtast igjen. Vi har liksom vorte ein stor familie, og når vi endeleg møtast etter så lang tid, har vi alltid mykje å ta igjen. Men sjølv om vi har brukt mykje tid på å fortelje kvarandre om teamperiodane når vi møtast, har det desidert viktigaste med møte vore festivalane vi har fått vore med på!
Tekst: Marte, Redaktør
Med eitt var TSN samla igjen!
|
Norgesturneen til no har vore topp! Vi har vorte tekne utruleg godt i mot av dei forskjellege vertane, og alt har i grunnen gått som ein leik. Det er ikkje vanskeleg å stå opp om morgonen når ein varm dusj, reine handukar og ikkje minst nysteikte brød, ligg og ventar. Vi som trudde at TSN betydde tørre brødskiver og store kalde rom har verkeleg tatt feil, så vertsfamiliane fortener verkeleg ein stor applaus, *STOR APPLAUS* ,for strålande innsast. Når vi kan reise rundt å oppleve fagre Noreg på kryss og tvers er det verkeleg ein bonus å få med oss gjestfriheita folk tilbyr. Så nok ein gong, tusen takk!
Denne turneen var noko vi i Ten Sing Norway lenge hadde venta på. Det å reise rundt å besøkje forskjellege Ten Sing-grupper i England og Danmark var veldig spennande, men det er noko heilt eige å møte sine eigne i aksjon. Vi har møtt så mange forskjellege menneske, som alle har vore ein del av å gjere turneen vår kjempekjekk. Det er klart at når ein reiser frå stad til stad i ein månad vil ein før eller sida kjenne på ein sliten kropp, eller ein altfor tung sekk. Til tross for at vi nokre gongar har hatt litt mangel på energi har gruppene vi har besøkt alltid sørga for at energinivået har nådd toppen mest før starta på opplegget vårt.
Som gruppe har vi fått oppleve Hamarøynatta, ei lang men utruleg kjekk natt der vi ikkje berre fekk oppleve å møte mange nye menneske ? men vi fekk prøve dansematter, stabling av bruskassar, bordtennis, og ikkje minst taekwondo show, Russisk folkemusikk og strålande opptredenar frå dei forskjellege Ten Sing gruppene.
Helga etter var det VT i Stryn som sto for tur. Ten Sing Norway og Solettane hadde fått i oppgåve å opne festivalen med ?The Pamela Peach Show,? og sjølv om det betydde at vi måtte gi alt frå første start ? vart helga heilt fantastisk kjekk! Vi nådde desverre ikkje heilt til topp i innebandyturneringa, men det var ein seier i seg sjølv å få lov å spele på heimebane for oss frå trivselsfylket.
No har vi vore i Bergen sidan søndag, og studier pregar dagane våre. Sjølv om det kan høyrast litt trist og kjedelig ut brukar vi og mykje tid på å slappe av og lade opp, for turneen er ikkje over enda! På fredag går turen til Voss, og der ventar ikkje ferre enn 600 Ten Singarar og konfirmantar på oss. Så no er vi atter ein gong klare for å ta på oss draktene til km sitt ungdomslandslag ? for vi tar ikkje ferie før vi har seira!
|
|