Da Kula og Myggen var på barnegospelfestival på Eid!16 april var det barnegospel fest på Eid. 100 born var samla til ein utruleg kjekk dag.
|
|
| | bilde |
Med skikkeleg rappe- beat (les: rytme) tok omlag 100 born imot gjestane frå Oslo. Kula og Myggen kom til sine eigne på Eid! Dei vart fort husvarme i fellesskapen med borna.
Dagen gjekk vidare med felleskor med Charlotte Skajaa som inspirerande dirigent, samt aktivitetar som bading, fotball/frisbee ++,teikning/hobby, drama og uteleik. Kiosk og matutdeling til deltakarane vart i år som tidlegare godt gjennomført av foreldre ifrå Eid barnegospel ved Kari Bergset i spissen.
Temperaturen i solveggen var ei særs hyggeleg råme for den strålande dagen med flotte born!
Konserten i kyrkja varte i 1 ½ time. Der var alle 6 kora med å syngje eigne songar før heile storkoret song .Den siste songen vart klimaks med borna dansande til ein lovsong, godt spreidd utover i kyrkja! Det vart fest i kyrkja! Kula og Myggen og alle vi andre fekk ei oppleving vi berre kan takke for!
|
|
|
|
|
|