Massemønstring i Førde
Tekst: Anders Hove
Massemønstring i Førde
|
Måndag 12.januar er det fakkeltog i Førde kl 18.00. Det går frå Førdehuset til Førde Torg, og vert avslutta ved Elvegården.
Det er Amnesty Førde, Raude Kors Førde, KFUK-KFUM i Sogn og Fjordane, Utdanningsforbundet i SFJ, Førde Idrettslag, og Norsk Sykepleierforbund SFJ, som går saman.
Denne aksjonen er eit ynskje frå organisasjonane til å gje folk i vår region høve til å delta i ei upolitisk markering, der det huanitære aspektet har fokus.
Bakgrunnen for engasjementet er ei sterk uro over den humanitære situasjonen i mange konfliktområde. Retten til å gje hjelp til naudlidande er ein grunnleggande menneskerett. Konflikten i Gaza har syneleggjort behovet for å verne om internasjonale vedtekne lover og konvensjonar.
Vi går saman under følgjande opprop:
1) Stans krigshandlingar!
2) Sørg for at humanitær hjelp kjem fram!
3) Løys konfliktar politisk, ikkje militært!
Vi forventar sjølvsagt ikkje at alle skal møte opp i Førde måndag, men dersom du har tid, kan du gjerne kome. Dersom ikkje oppmodar vi deg til å delta på liknande arrangement rundt om, som set fokus på det humanitære aspektet i situasjonen.
KFUK-KFUM i Sogn og Fjordane
|
|
|
|
|
|