Nattcup for konfirmantar 
Nattcup i Sunnfjord
Konfirmantnatt i Sogn
 

Nattcup i fotball for konfirmantar:

resized_DSCF0054 
Fjordane NC-SF 06 Førde
(foto: Stig Jonny Fitje)
Kvar år er Sogn & sFjordane KFUK-KFUM med på å arrangere 3 Nattcup-ar for konfirmantar i Sogn og Fjordane. Det er Nattcup i Førde for Sunnfjord og Ytre Sogn Prosti, det er Nattcup i Vågsøy for Nordfjord prosti og Vannylven prestegjeld på Sunnmøre og det er Nattcup i Sogndal for konfirmantane i Indre Sogn prosti + Vik og Balestrand.

Sogn & Fjordane KFUK-KFUM er med og tek ansvar for heile arrangementet - vi har mellom anna ein solid medhjelpar som har ansvaret for sjølve fotball-turneringa: Arve Endal. Ungdommar vi kjenner frå arbeidet vårt i krinsen er med som Ungdomsleiarar gjennom natta. Vi har heile natta eit Miljøtorg ved sida av fotballturneringa der konfirmantar kan delta på ulike aktivitetar som plakatteikning for suportergrupper til fotballlaga, t-skjorte teikning, spelekro, ...

Turneringa vert avbroten eit par gangar i løpet av natta for programinnslag. I Nordfjord er det først på natta ei nattsmesse og ein konsert. I Sunnfjord er det eit programarrangement laga som ein klubbkveld med skikkeleg fart i, som vi kallar "Time-out". Der er leikar, sangar, andakt og konkurrransar i ei god blanding....

Sist på natta har begge turneringane eit Solidaritetstorg. I 2007 skal begge nattcup-ane samle inn til KFUK-KFUM sitt eige internasjonale arbeid, KFUK-KFUM Global. Konfirmantane går saman i grupper og lagar ein stand/ei bod der dei tilbyr varer eller tjenester for dei andre konfirmantane. Det er sjølvsagt om å gjere å ha det beste tilbodet - og konkuransen går på kven som samlar inn mest. Det er og ein jurie som kårar mest fantasifulle stand/bod.
Del på Facebook:
Del med Google+:


Nyheter
Hele landet (arkiv)
30 ettåringer på turne: Make a change!
Norges KFUK-KFUM søker Prosjekt- og utredningskoordinator. Inntil 60 % stilling fra 1. mars 2012 til
Norges KFUK-KFUM søker Prosjekt- og utredningskoordinator. Inntil 60 % stilling fra 1. mars 2012 til
Bli med på Nordtreff!
KFUK-KFUM I ØSTFOLD SØKER KRETSSEKRETÆR