Starte SportY?
|
Er SportY noko de ynskjer å ha som ungdomsarbeid? Det er oppretta ressursteam på lokalt og nasjonalt plan, som kan hjelpe til med oppstart og vidare oppfølging. Dette er personar med brei KM- og idrettserfaring.
Lokale ressursteam er i første omgong berre tilgjengeleg i Oslo-området. Personar frå dette teamet vil stille opp og hjelpe til med planlegging og gjennomføring av samlingar det første semesteret. I kvart av dei 2 neste semestera vil teamet stille opp nokre gonger. Ressursteamet vil vere ansvarleg for heile gjennomføringa av desse samlingane, men lokale leiarar bør arbeide tett i lag med teamet for å vere best mogleg rusta til å ta over når teamet trekkjer seg ut.
Nasjonalt ressursteam vil kunne stille opp over heile landet. Då er tanken at de på førehand samlar ein gjeng som er interessert i å vere med. Ressursteamet vil stille opp ei heil helg, mot reise, kost og losji. Dei vil då organisere SportYøkter, instruere og informere leiarar og styre, og gje gode tips og råd. Teama kan i einskilde høve hjelpe til med utstyr. Dersom det vert 6 ungdomar i gruppa som alle melder seg inn i KM (berre nye KM-medlem) får ein 5000 kr i oppstartstøtte.
|
Slik gjer ein!
|
Når de tek kontakt med oss (km@kfuk-kfum.no) vil vi inngå ein avtale mellom alle partane og hjelpe til med råd og rettleiing i starten. Dei første tinga de må gjere er:
1. Skaff ein idrettshall eller liknande som kan brukast til samlingane
2. Vi vil ha ein kontaktperson i kyrkjelyden som skal ha ansvar for gruppa når ressursteamet trekkjer seg ut. Det bør vere ein person over 18 år.
3. Reklamer for ludus gjennom dei kanalar kyrkjelyden har tilgang til. Ta gjerne kontakt direkte med ungdomar som er i målgruppa
4. Søk etter støtte i kommune, sokneråd etc. Det kan vere greitt å ha litt pengar i starten til leige av hall og litt utstyr.
Skulle det vere noko er det berre å ta kontakt med oss på km@kfuk-kfum.no Vi vil veldig gjerne høyre frå dykk! Sjå elles på internettsidene våre www.kfuk-kfum.no/idrett
Med venleg helsing
Programutvalet for Idrett
|
Vil du at vi skal kontakte deg? Send en melding!
|
Hvis du/dere legger igjen litt info under, så kontakter vi deg/dere om du/dere er interessert i å få hjelp til SportY-oppstart.
|
Hjelp til SportY-oppstart!
|