Kretssamling 17.-19.august 2012 SoltunTakk for turen ....
Tekst: Torstein Meyer
Kretssamling
|
| | Her vart ukonvensjonelle teknikkar utprøvd.... |
Troms Krets av Norges KFUK/KFUM arrangerte
Soltun Soldatheim, Setermoen 17.-19. august
Ei lita gruppe var samla i Bardu og utgjorde KFUK-KFUM familien i leik og alvor, blandt villdyr og fjell, med utruleg bevertning og høg stemning. Takk til dei av oss som fekk vera med å utgjera denne prioriterte gruppa og skapa liv. Øystein (Daae Gjertsen) med familie, leia oss gjennom eit fleksibelt program med delt entusiasme. Med stor aldersspreiing var det god plass til ulike visjonar og erfaringar. Kretsstyret ba om og fekk med seg mykje å ta fatt i framgjennom. Trist for dei som ikkje kunne vera med oss, men deira tankar er og sjølvsagt velkomne i kretsens sitt vidare arbeid. Takk til vertskapet frå Soltun for god handsaming av villw ungdomar i alle aldre. Me vil gjerne gjera dette fleire gonger.
|
|
|
|
|
|