Norges KFUK-KFUM 
Gi en gave til KFUK-KFUM
 

Sommartreff 2010

Den siste veka i juli var det sommartreff på Nesholmen. Temaet var "Tru på forandring".

Tekst: Hedda Håberg
Registrert av:  Hedda H?berg (16.08.2010 13:35)
Les andre saker fra: TT og festivaler, Sogn og Fjordane
Flåtebygging på Nesholmen

Sommartreff 2010

Bading
Omlag 25 deltakarar møttest på Nesholmen, til ei lita veke full av sommarlege leiraktivitetar. Her kunne ein spele balleball, frisbee, synge i minikor, slappe av med litt makramè, reise på kanotur, rappellere ned ein skrent, segle, byggje flåte, bade, brenne bål, grille pølser og mykje, mykje meir.

Kvar dag starta med singspiration og ein fokustime, der temaet "Tru på forandring" vart sett frå ulike vinklar. Lars Håberg har vore i Palestina og opplevd folk som verkeleg må tru på forandring, og formidla sine opplevingar gjennom ord og bilete. Hedda viste klipp frå filmen "Pay it forward", om ein gut på 11 år som får i lekse å forandre verda, og snakka om kvifor vi må prøve å forandre både verda og vårt eige tankesett.

Dagane var elles fulle av aktivitetar. Vêret var ekstremt bra til sommartreff å vere, og det vart mykje bading og uteliv. Ein fekk utfolde seg fysisk i diverse aktivitetar både i vatnet og på land, eller ein kunne synge i minikor inne, eller drive med litt hobbyaktivitetar.

Onsdag var den store Nesholmolympiaden, der deltakarane vart utfordra i mange slags aktivitetar, både for kropp og hovud. Det endte til slutt heilt uavgjort mellom alle tre laga, og det vart ein finale i fyrstikkspydkast torsdag før heimreise. Onsdag kveld var det grilling, leirbål og ei fin utegudsteneste på svaberga.

Deltakarane på årets sommartreff hadde ei flott lita veke på Nesholmen, og vi håpar alle som var der tar med seg mange venner og kjem på Hausttreff i oktober!
Del på Facebook:
Del med Google+:


Nyheter
Hele landet (arkiv)
Husk 15.feb! Lever medlemsliste/årsrapport 2011 i tide!
30 ettåringer på turne: Make a change!
Norges KFUK-KFUM søker Prosjekt- og utredningskoordinator. Inntil 60 % stilling fra 1. mars 2012 til
Norges KFUK-KFUM søker Prosjekt- og utredningskoordinator. Inntil 60 % stilling fra 1. mars 2012 til
Bli med på Nordtreff!

Sist endrede infosider
TROMS KRETS
Semesterplan
Seminar
Norges KFUK-KFUM
ABK

TT og festivaler (arkiv)
Seminar på Vintertreff!
Seminar på Vintertreff!
Adventsutgåva av Bjørgvinposta
Buss til ETS fra Østlandet
TT-underleir

Sogn og Fjordane (arkiv)
Seminar på Vintertreff!
Seminar på Vintertreff!
Barnefestival 2012
Gospelnight i Volda kyrkje 20. januar 2012
Kva skjer?

Hva skjer?
Område: Hele landet
Målgruppe: Alle
Førde
10.02.2012 Kl. 18:00
Åsheim ungdomsskole, Trondheim
18.02.2012 Kl. 19:00
Bodø
25.02.2012 Kl. 17:00
Bergen
26.02.2012 Kl. 19:00
Vis alle treff

I media
Julero og -sang for sjelen
Bilder fra julen sunget inn i Grimstad
Samlet inn over 12.000 kroner til Globalaksjonen
Drøbak og Frogn Barnegospel in (jule)concert
Feirer bursdag i tre dager

Adresser
Forbundskontor (mer info)
Pb.6814 St.Olavs plass, Besøksadr.: St.Olavsgt. 25
0130 Oslo
Jobb tlf: 22 99 15 10
Jobb tlf: 22 99 15 11 Fax
Konto: 3000.17.11500
Vår epost er post@ og kfuk-kfum.no etterpå.